onsdag 26. september 2012

Himmelen senker seg sakte........

Himmelen senker seg sakte........


På tamilsk  av S.Jeyakumaran
Omsette av N.Gunapalan


"Lyset er tent  , og  du begynner no å greie håret med luseegg  fjernaren. No kan all slags fattigdom kome inn i huset" ( Det er ein overtru at all rydding skal gjerast før lyktene blir tent på om kvelden. Viss man ryddar etter det ,ryddar man vekk rikdom frå heimen,og inviterar fattigdomen i staden.)

Mora kjeftar på Mekala før ho knusar to luseegg, samstundes går straumen. Mekala har heilt glømt at det er straumstans ved Jaffna universitets område, kvar tysdag. Glassa  til både orkan lanterna og  parafin bordlampa hadde ikkje vorte tørka. Mekala reisar seg opp og kjenner seg fram i mørket med hendene. Ho finn fram stearinljus frå skuffa og tenner dei. Med gamle avis papir tørkar ho sot på begge glassa til lampane. Ho klippar vekk svidde veik og deretter gnir på eit fyrstykk. Då beordrar lillebroren fra rommet.

 " Tar det så lang tid for å tenne på ei lampe?"
Om to månadar skal han ha tiande klasse eksamen, då må han pugge om historia til ein sinhalesisk dikt, og ein sinhalesisk dronning. Han må få lampa fyrst. Mekala går inn i rommet der han sit  ved eit skrivebord og setter bordlampa på bordet. Ho lukkar att døra og går inn på kjøkkenet, der mora allereie har tent ei lampe og hakkar rismjøl deig for å lage kveldsmat. Før mora ser, glir Mekala ut like stille som ein katt. Om mora ser ho er ho sikker på at ho kjem til å spørje Mekala om å raspe kokosnøtt og deretter spørje ho om å støte tørkachillipepar i mortaren.  Ho tar fram ein stol og ein krakk; går ut på gårdsplassen, set lanterna på krakken , og set seg på stolen.

Klokka har blitt halv åtte. Jaffna utan elektriskitet minnar ho om dei dagane før masseflukta. Syklane som for forbi på vegen, har blitt færre og færre. Mekala dempar lampelyset og ser opp på stjernehimmelen. Ho får auge på noko som ser ut som Karlsvogna. Ho lurar på om det er Orion....Kan man sjå Orion i september? Ho er nesten sikker på at det er Karlsvogna. I tamilsk astrologi heiter Karlsvogna Sju visemenns sone. Ein av dei er Vasiddar altså Mizar. Kona hans Aruntati er Alcor som alltid vil vere ved mannen sin. Ein av rituala ved ein bryllaupsseremoni er at brudeparet får sjå på Vasiddar og Aruntati. Mekala blir nysgjerrig
" eg kan finne ho allereie no?", ho prøver å finne Aruntati. Kokospalmer, mango og margro trær som er innanfor porten og banan plantar ved den felles brunnen på bakgården, lagar vakre lydar og kjølar ned den heite lufta. Mekala vrir på knappane til Panasonic radioen. Den katolske presten Caspar er i bønnn for Eezham befolkningen i Veritas Radio fra Filipinene. Ho slår av radioen og går inn og henter romanen
 "Skilles og møtes". Mekala vrir på veik knappa på lampa for å styrke lyset og begynner å lese.



<Han løfter hovudet sitt og ser på den jenta og ser på hendene sine igjen. Han merkar berre at ho ikkje har fletta på håret sitt no, slik at det blir bølgjete.
"Er det deg?"
Ragupathi skjønnar ingen ting.
"Kva er det for noko? Er det noko ryktar om meg?" spør han.
"Nei! nei! I'm suppost to meet you at this party."
"Why?"
Folk tenker på oss to og vil foreina oss i ekteskap!">

Mekala flirer utan hemningar. For sin del flirer lampa med. Wilson som er bunde fast på bakgården begynner å ule falskt når han merkar at ho er her ute. Ho brettar på sida i boka ,går bak og  løyser opp båndet. Wilson hoppar  rundt ho med glede minst tjue gonger og leikar før Mekala kommer tilbake til boka.

KUMARAN! 
Når ho ser på Wilson, kjem  minner  om denne kjære bøffelen om og om igjen  og smilet formar om leppene til Mekala
 "Tjuven! Kva finner han på no? Har han ankomen ditt? Eller flørter han  med kven som helst? Den ekte tjuven! Korleis kom han  til meg på fyrste gong?"
Parafinet minkar i  lampa og den begynner å blunke når den ser på Mekala som smiler og raudmar. Ho går inn, hentar parafin  fyllar på og fortsetter å lese.

Med ein gong likte Mekala  rollefiguren Rathna i romanen "Skilles og møtes". Los Angeles! Kumaran! Huset der han bur i! Alt kjem fram for augo til Mekala.

" Ka  gjer han  no?  Kunne de' vere ein månad?"

Mekala forventa ikkje å treffe  han på denne måten,... fyrste gong... i draumane heller.
  Midt på dagen lander LionAir på Palaly..... Uansett kva skulle han dra til Urumpirai der foreldrene hans bur...Etter den lang slitsame reisa skulle han kvile seg.... Deretter skulle han kome heim til ho om ettermiddagen... då kunne ho kle seg i den gule sarien sin  den med grønkant og lotus blom designa klemme i håret...., ei lite kanakamparam blomekrans ....,slik kunne  ho velte han veldig enkelt......trudde ho. Men han kom som ein regnbyge utan lyn og torden på Universitetet.

"Excuse me"
Mekala brydde seg ikkje om den stemma som høyrde ved døra og fortsatte å skrive.
"I rather hear my dog bark at a crow than a man.."
"Miss Mekala" denne  gongen kom stemma  med litt trykk og Mekala såg på døra.
"Oh min Gud! Oh min Gud! De' e' han! " Det bilete som unkel gav... der han ikkje  hadde  bart eller  skjegg! Men no har han bart og skjegget og det  ser ut som han har brukt svart eyeliner for å teikne.
Likevel  igjen kjente Mekala  han. Hendene hennar skalv så mykje at krittet i handa blei knust. Nylon  sarien som ho hadde  på seg rista,  for beina hennar skalv.Alle fem sansane og sinna hennar var i forvirring. Automatisk  retta ho brettane på sarien.

"Sorry to disturb.... You better finish the line."
"...what?....ka?..."
"You finish the Shekspear line... I will wait outside."

 Den dagen blei ho  introdusert til det vanskelege revsmilet hans. Mekala skjønte ikkje ,kva som foregjekk. Før ho blunka augo,... før ho fatta situasjonen og før ho sa ok,... gjekk han. Mekala snudde seg mot klassen. Heile klassen smilte skeivt.  Flauheit reiv og skubba ho. Mekala vart blyg og nølande skreiv vidare på tavla.

"I  rather hear my dog bark at a crow than a man swear he loves me......"
Då ho skreiv ferdig dette, svidde det ein tanke....
" Oh! Din onde sinner! Han kjente Shakespear... , denne linje og!....æsh!....blir det fyrste møte på  denne måten?"
.Foran klassa kunne ho ikkje å vere flau for eiga lyst heller!

" Why would Benedick and Beatrice have fought each other all the time? Critically analyse!" Mekala skravla,  alt ho sa kom automatisk frå minnane. Ho kom bort til kateteret og satt på stolen og såg på klokka.
Fem minuttar,...tre minuttar,... eit minutt....
" oh that's it."
Endeleg ferdig for dagen. Då Mekala kom ut av klasserommet, stod han der,.... med to store baggasjer,....
kom direkte hit frå flyplassen!....Ho fekk ikkje tida til å gå på personalrommet for å stelle seg. På fjeset hans var det same revesmilet!
" Korleis kan eg dra framtida med han?" ho spurte seg sjølv.

Wilson klorer på føttene hennar på leik. Det kiler. Ho ristar av seg og Wilson jamrar. Mekala smilar og tar Wlson på fanget. Wilson  skjønnar  kanskje matmoras humør,og sleikjer ho på fjeset. Med falsk sint kjefter ho på hunden, " Gå vekk din kjøter!" og setter den ned på bakken. Wilson klorer ho på leik på føttene igjen.
Man skal ikkje sei noko utan meining. Det var han som fant på namnet Wilson. Kanskje derfor har Wilson også same tendens som han til terging.

"Ka e' namnet te' kvalpen?"
" Namn?... Det va igår det..  lillebror fant han under ein thazai (Pandanus  fascicularis) busk. He' ikkje funne på noko namn."
"Korleis vil De  kalla han då?"
" Berre Unkjo. Vi kan finne ka som helst namn,.....man mamma kjem til kalle han Unkjo til slutt. Forrige hunden vår heit Hero , men for mamma var det berre Unkjo"
( Unkjo er det veldig vanleg for å kalle all slags  hund)
"Korsan e' namnet Wilson?"
"Wilson?"
"Ijjaa...Wilson... e'de' ikkje eit fint namn?  Volleyball namn i Cast away"
"Cast away?   "
" Mmmm... I fjor var det premiaren... super movie veit du! Tom Hanks spelte. Det va ein volleball ......"
"P kj!... For å sjå på ein tamilsk film kjem han pappa te' å rette opp ein benda jern stang. De' e' null sjanse for ein engelsk film"
"La de' ligge. Når du kjem te' L A  kan du sjå den filmen."
Kumaran sine samtalar begynte med høflege DE form og fort forandra te' DU form. Det merka Mekala og smilte.
"Stille gåande tjuven!"
 Utan å leggja spor kjem han te' å innvadera  tankane hennar, det begynte ho å innsjå.

" Ka sa De? E'de' L A?"
" Jepp! L A... LosAngeles. Der vi bur heitar Dorrance... om man går litt sørover der i fra  ... a place to liv...., liggjer ei strand der,.... null sjanse,... man kan vere der fram te' man dør, veit du?"
" Ken e' vi? ken andre bur saman med deg der? E' de' ei kvit  eller svart? Ken de' e' eg av vi?"
"Du skal vere svarte dama!"
"E' de' ein hån?"
"Ikkje sant? Måndag te måndag e' de' åttende dag idag. Ikkje eit kyss. Får eg ikkje at  least .. ein gong heller.... I love you ?
" Rubbish"
Mekala flyra då ho såg korleis ansiktet til Kumaran visna.

"Barnet mitt kunne du kome hit og støte sambal i morteren?"
mora hentar Mekala som er druknet i minnar. Mamma har god lukte sans. kunne ikkje ho  latt  Mekala  vere litt i fred? Mekalas heile tankar er hos han Kumaran.
"Han....., slaven til Saturn....,kan det vere ein månad?..., kom på ferie....., har gjort all bygdas, all verdens urett...., gjorde meg som ei sinnsjuk kjerring ....,"
Mekala blir sur på onkel Suntharam som kom med den astrologi tabelern til Kumaran.
" Utallige utanlandske brudgommer fins  i heile verda. Og eg endar opp med ein slik brudgom?"

Mekala rensar morteren og pålen, med eit smil i munnviken. og falsk sur på Kumaran , støter ho tørka chilli i morteren. Det blir høgt lyd.
"Ikkje lag så høg lyd for å vise  bygda at du lagar sambal!"

Det er ho mamma. Ho er alltid slik.  Tankane løper bort til Kumaran igjen. 
Korfor kom han for å treffe meg?..., plutseleg  med to baggasjar ...,korfor akkurat der og då  eg underviste dei i Shakespear sine setningar?....,korleis kunne eg?....,der på  gårdsplassen te' universitetet....,  satt der på benken og snakka med han i flere minutt..., foran alle studentane?.....,de' e' noko ved han som rusar meg. Akkurat  blei det berre tjueni dagar. Kor mykje har vi snakka saman? Kor mykje har vi igjen? Det e' som havet. I mellom tida snakka eg  ikkje med han då han fortalde om sin fyrste kjærleik. tje! To dagar blei bortkasta. Oh min gode Gud Kor som helst...,når som helst..., anten i LA eller her..., saman med han ...., høyre på skravlinga hans...,eg vil lytte te' han. Æsj..." 
Ho tenkte aldri på at tida skulle gå så fort. For to dagar sida kom den dagen då han skulle reise tilbake til LA.

"Kunne ikkje du blitt her? Her på vitenskapsdepartementet , you can join and teach in the worst case IIS(internet information service). Seks månader etter bryllaupet kan vi reise ilag....."

To veker har det tatt til Mekala for å forandre frå de form til du form. Då han var i nærleiken  tenkte ikkje ho  på at han skulle dra så fort.
  Ikkje berre det! Forrige fredag ... Foran Nallur Murugan Tempelet...ved kjerre hallen... slaven te'Saturn kyssa meg  på kinnet ...., heldigvis såg ingen på... plutseleg seier herremannen at han skulle returneres..... Ka de' e'? Tøysar han?... Terga han?

 "I know Mekala! men eg må  reise tilbake. Eg he' fått ein ny jobb hos IBM. Ka seier du? Skal eg droppe den? It's my dream!  Berre seks månaderstid. I will be back for the wedding. Neste gong når eg reiser frå SriLanka,  blir du  med meg! OK!?"

"..............."

"He Mekala!
"Ka?"
" Du he' ikkje sagt at du likar meg eller lkkje"
"Rubbish"
" I desse tjueåtte, tjueni daga... he eg  sagt minst tre hundre gongar I love you.....men du he ikkje sagt ein einaste gong ,veit du...."
" atter rubbish"
Mekala er blitt plaga av minnene om han. Tankane hennar kjenner ein slags irritasjon . Ho støter hardt i morteren. Ein sjalottlauk som er blitt putta opp i morteren, sprettar opp saman med ein chillipepar bit og slår på høgre auge til Mekala. Det svir forferdeleg. Ho hiver ned pålen og springar bort til vassbytta. Mekala dynkar augo ned i vatn og prøver å skylle vekk brenheita. Telefonen ringjer. Mekala halder eit våt tøystykke på høgre auge, tørkar nasa ,spring inni stua og tar telefonen.

"Hei Kumaran! Du he' endeleg landa!"
"Ikkje enda. Still in the flight Mekala!"
"You, serious? Haster de' å ringje? Ikkje brukt opp kreditkortet. No e' du som ein familie mann og skal ta ansvar"
"Mekala"
" Eg visste at de' e' frå deg. Veit du ka, ... eg held på å lese "Skilles og møtes" som du he' sagt denne Rathna...., George's characterization...., også litt moral til Marian i Sence and Sensibility... I'm sure Sujatha must have read it...."
" He  literatur gal. Kan du høyre på meg litt?"
Vanlegvis likar Kumaran å diskutere om romaner. Ein slags stress, redsel høyres på stemma hans
" Stressar du? Fortell meg, ka de' e'?
" Mekala I think it's  bad news"
"Sei  ka de' e' da ?"
Ein ukjent redsel har begynt å krype inn i Mekala.
"Oh min gudinna Kali!...., alt skal gå bra..... eg kjem til gå rundt tempelet ditt tredve gongar.... Oh Kali mor  vern oss!..."

" Nokre menn kaprer  flyet vårt . Ser ut som arabere. Dei e' full våpna. Nokre minuttar før  kræsja to fly  med  World Trade Center... og eksploderte "
"Ka de' du babler om. Ikkje skrem meg Kumaran. Tell me You are safe. Ikkje leike med meg på denne måten"
" I think America is under attack.Mange fly e' kapra..... med bygninga..., I'm so sorry Mekala!...,ein månedstid..., du kom som ein engel i  livet mitt ......, eg kom te' deg og forstyrra deg....."
" Ikkje ve'r redd. Det skjer ikkje noko vondt. They will land and release You. Eg veit at gudinna Kali ikkje vill forlate oss."
" Mamma! Eg har ikkje ringt te' ho mamma Mekala! Eg he' ikkje fleire sjansar te' å omfamne ho..."
"Kumaran!"
" Nokre av passasjerne planleggjer for å angripe kaprerane. No use. .....berre få sekundar igjen Mekala....,sei te' meg noke..., likar du "Skilles og møtes? kor langt he' du lest?....,he' du komma ved denne Vegas sena....."
Mekala stivnar.
Ka de' som skjer? Skjer det slik med oss  med? Korfor høyres om og om igjen denne sangen? 
<Han som kom frå ukjent plass,sa at "Eg er eit mellom vesen"
  Kva slags meditasjonar og faste gjorde eg for å få han her?..... >
Oh poet Parathis sang..... høyres det i utider.

"Kumaran! please hold strong. Ikkje forlatt meg da. Please... stay....hold.... kom tilbake..... utan beskjed.... eg vil sei deg alt du ville høyre.... sjølv om du blir mett av mine ord"
"E' de' denne rubbish ord?"
Mekala blir knust av å høyre dette. Ho veit det.

Akkurat i denne stunda  også har han sin revsmil på munnvikene. Aijå Gud kjem eg te' å miste han no akkurat no? ....ansiktet hans...., kjærleiken hans....,kvar gong fliringa hans,.... når eg va morsk...., utan å vise tennene sine....., viss han leggjer armen sin på skulderen min....., oh mine guder hjelp oss!...

"I love You Kumaran ! I love You so much! ....I love..."
Mekala hyler i telefonen så høgt slik at minst åtte bygdar rundt omkring kunne høyre ropa hennar.



"Honey, it’s bad news." 
"Lyz I need to know something. One of the other passengers has talked to their spouse, and he said that they were crashing other planes into the World Trade Center. Is that true."
[His wife pauses, not knowing what to say, but finally tells him it is true. There is a pause of a few minutes after hearing this.]
"I love Emmy, take care of her. Whatever decisions you make in your life, I need you to be happy, and I will respect any decisions that you make. Now, I need some advice - what to do? Should we, you know, we’re talking about attacking these men, what should I do?"