lørdag 28. januar 2017

Livet er fullendt....

Livet er fullendt....

(Skrevet av poet Vairamuthu på tamilsk , omskrevet av N.Gunapalan)
Bilderesultat for kavignar vairamuthu 

Livet er fullendt, den som vandra ut av verda skal hedrast....!
Dei som er att igjen og sørger skal trøystast ....!
Dei augo som flyter i tårer skal bli tørre....!
Ro i sinn og fred skal omfamne dei etterlatne....!

Fødsel er ikkje noko nytt på jorda...!
Dødsfall og er så gamalt utan make på jorda...!
Utan dei to finnes ikkje naturen heller....!
Naturens lov og reglar er kunnskapens grense....!

Kvar er dei kjærlege augo som lyste over oss blitt....?
Kvar er dei venlege armene som søkte etter oss blitt....?
Kvar er dei beina som vandra over land og bygd blitt....?
"Dei er blitt åt opp av elden" forteljar osken her til oss....!

Dei syna oss hadde av den avdøde skal passere med vinden....!
Det som vart født på jorda skal foreine med jorda....!
Sjølvom dei formene som er av kjøtt og bein er forlate oss...;
skal dei gode minnane etter dem, leve lenge hos oss....!

Ein dag utan fødsel finnes ikkje...!
Ein dag  utan dødsfall finnes ikkje....!
Kjærlege minner med kan vere vonde....!
Det finnes ikkje like betre medisin enn gløymsle...!

Elvar som renn ned ti havet blir ikkje opprørt......
Vassdråpar som dett ned på jorda blir ikkje gråtne....
Skjebnen er lik elva og regnet,  likevel....;
korfor tenkande menneska fortviler seg....?

Døden kunne viske ut hatet.....
Døden kunne ta vekk  forbannelsar.....
Døden forklarer meir enn dei heilage bøkene....
Når eit frø dett ned der spirer det opp ei ny plante.....

Oss kjem til jorda på ein pilegrimferd.....
Før turen kjem til å ende, faller oss i sovne....
Å falle i søvn, er naturens regel,     likevel ....
turen vår er liksom ein dramaserie....

Når ein blomehånd av ein lett bris rører ved oss....;
når sol strålar reiser seg for å røre jorda....;
når småbarns hønning søte talar kjem inn i øyra våre....;
kan det hende at sjelane deira fortsetter å leve iblant oss...
Deiras åndedrag skal foreine seg med lufta....
Deiras augelys skal foreine seg med sola....
Deiras jordiske forma skal foreine seg med dei alle *fem elementane.....
Deiras gode gjøremål skal foreine seg med oss....

* Dei fem elementene:


tirsdag 24. januar 2017

Hendene til mi dotter!

Hendene til dotter mi!

Opprinnelse: Av ein ukjent Tamilsk dikter
Omskrevet:Av N.Gunapalan

I blant dei gode bananplantene
dukka eg opp liksom eit unyttig utskot.

Kvar einaste plante der har vorte til nytte på eit eller anna vis.
Men eg var blitt ein udugeleg taggette plante.

Mor mi var ordentleg. Det var far min óg .
Kun eg som dansa på skammens veg.

Lukkast ikkje med skulen.
Sjølvom eg prøvde, nekta utdanningshest å stige opp i mi steinete hjerne.
Fire km gjekk eg, kun for å sjå på den kvinnelege lærarens midje.

Far min sparka meg på hofta mi for
han syntes at hans fæle karma..... ,
dette vesenet var gulna i det kart stadiet.

Tjuveri i ti års alderen, smugrøyking då eg var tolv,
drikking i ein alder av tretten år, fjorten år gammal såg eg bluefilm,
femtenår sexdebuterte eg....
Som attenåring var eg blitt ein slåsskjempe på gata.
Før eg var blitt  tjue, leika eg med fleire kvinner, og
eg blei årsak til ein del abort.

Når ein ikkje greier seg etter åttande klasse,
kan ein då få seg ei feit løn i ei leiande stilling?

Å køyre lastebil med eit sandlass ga meg hundre rupee kvar gong.

Eg brukte opp heile løna mi til sprit og kvinner.

Dette dyret kunne ikkje temmes......,
høyrde ikkje på noko slags råd frå nokon som helst,
og levde utan ære.

"Alt glei ut av hendene våre, no skal han få ei fotlenke",
slik tenkte foreldre mine som ordna ekteskap til meg.

Ei hore ville alltid ha peng.
Eiga kone er betre,..... tenkte eg.

Då kom ei uviten jente for å tenne på lys
i heimen min og livet mitt
med gullsmykker som medgift.
Når sulten kjentes i magen og under magen serverte ho.

Eg åt og blei feit, men eg retta meg ikkje opp.
Gullsmykka vart oppløyst i sprit.

Med eit spark sende eg henne heim til foreldra
for å hente meir medgift.

For å bevare familiefreden,
selde svigerfar min
den kua som gav dem mjølk og mynt.

Og sendte han dottera med peng til min pung.

"Ei vekes pause er nok. Eg er svolten" sa eg, og greip hånda hennar.

Ho skauv meg vekk,....og den tjuvens dotter....
og ho sa at perioden forskyve seg.

Har eg ikkje nok byrde med dette eine dumme trollet?
Skulle det bli ein til....?

Ofte kasta ho opp og skyldte på svangerskapskvalme.

Ho skulda på magen sin og smakslaukane sine
og ikkje laga smakfull mat.

Sprit gav meg styrke... og,
eg sparka ho,
og sendte henne ut av huset etter ein krangel...

Dei som gjekk forbi på gata
kjefta på meg og forbanna min oppførsel.

Etter tradisjon budde ho hos foreldra sine...,
dei siste tre månadane i svangerskapet.

Ei dama som selde frukt besøkte meg ofte og det
blei søt musikk mellom oss.

Eg fekk beskjed om kva det som hadde hendt
på det sjukehuset, der dei behandla folk gratis.

Etter to dagar...., titta eg uvillig...... og berre pliktskuldig innom....

Mørke hud... slik som eg....!
Jentebarn....!

Kven ønska seg eit jentebarn?

"Greier du å gje kaktussevje eller klarer du å vri halsen.....
Kva du kjem til å gjere....veit eg ikkje....
Viss du vil kome heim......, kom åleine om ei vekestid",
sa eg og gjekk min veg.

Seks månader gjekk men ho kom ikkje heim.

Fem tusen rupee i stønad frå staten kunne ein få, derfor
drog eg dit for å få hennar underskrift på eit skjema.

Barnevakta....., nabojenta.....sprang for å hente
ho som kom for å føde... og måtte jobbe på risåkeren for føden.
Det høyrdes barnegråt i vogga som hang der.

Eg tålte ikkje bråket,.... derfor tok eg det opp ...

Det var det same jentebarnet...!

Kjente ikkje det igjen...men same mørke hud som meg..

Dette jentebarnet unngjekk kaktussevje og kom opp i hendene mine no.

Sinne som blussa opp inn i meg  prøvde å overtale meg
til å kaste ut  jentebarnet...!

Men...., men.....i den fyrste stunda eg tok henne opp frå vogga,
smilte jentebarnet til meg.

Akkurat  som meg..... hadde ho eit fødemerke ved venstre auge.......

Akkurat  som meg .....ein flat nase......

Viss det var ein gut,..., akkurat som meg, trengte det ikkje
å vere vekk frå meg så lenge.

Det jentebarnet sutta på tommelen sin med tannlaus munn.

Såg på meg utan å blunke......

Då eg tok ut tommelen vrælte ho og gret.

Grip om fingeren min og drog mot sin munnvik.

Eg såg at mora kom, la vekk barnet før ho såg.

Med signatur på skjema, tok eg siste buss heim.

Eit anna barn som satt med mora si framom meg i bussen.....
prøvde å ta på nasa mi......, bøyde seg fram og tilbake........,
slik leika barnet lenge med meg.

Underleg! Eg fekk ikkje sove ordentleg den natta...!

Eg drøymde heile natta. Eg venta på dagslyset.......

Eg drog tilbake dit med eit løgn..... må få ein ny signatur....

same mørke hud ....same smil.....
same fødemerke ved venstre auge...
same flate nase....

Tannlaus munn som sutte på tommelen.....

Dette var heil ny følelse for meg...åh.. eg óg ......
Ho fekk meg til å smile tilbake....!

Eg reiste tilbake med den siste bussen....men ingen barn i bussen.

På vegen heim frå bussen traff eg fruktseljaren og
ho tok på hånda mi.....
Eg rista ho av og kom heim åleine.

Eg søv ikkje stort den natta ....

Tommelen min var våt i sta...blei så mjuk...

Eg lukta på den....

Før det var blitt daggry sendte eg bud om at
eg hadde feber, og at dei to måtte kome heim.

Eg gjekk til busshaldeplassen utan å pusse tennene mine.

Då bussen kom tok eg barnet, og mora kunne bere baggasjen.

Min tommel var i den tannlause munn.

På denne gongen spredte det seg ein våt følelse av hennes sikkel
gjennom tommelen og til min indre eg....

Kvar dag låg ho opp på meg og
beit meg med sin tannlause munn.

For å beskytte henne frå skytten,
dusja eg meg fleire gonger om dagen.

Ho klora nasa si for areca nøttens lukt....
Eg stoppa å tygge det lenger.

Ho hosta for passiv røyking.
Då bestemte eg meg til å slutte med røykingen.

Ho blei kvalm og kasta opp for spritlukt.
Så gjekk eg vekk frå alkohol bruk.

Ho var blitt eit år...

Alle i slekta prøvde å lære henne å prate....

"Sei tante"....
"sei onkel"....
"sei besta".....
"sei amma".....

Eg hadde også lyst til å prøve
"sei appa".....

Men kunne eg ikkje. Ein skuldfølelse stoppa meg.

Men ingen kunne hindre ho!....
Det fyrste ordet ho sa ......var kun "appa!"

Eg forlot mine dårlege vaner for ho.

Eg syntes at min sjel kunne forlate min kropp
for det ordet "appa!"

Eg var født på nytt
for det ordet "appa!"

Ho tok meg opp frå kloakken og
vaska vekk all skitt med sin kjærleik!

Eg retta meg ikkje etter mi mor sine tårer.

Eg retta meg ikkje etter min far sine slag og spark.

Eg retta meg ikkje etter mine læreranes preikar.

Eg retta meg ikkje etter dei gode råda frå dei ekte venane mine.

Eg såg på dette ansiktet som ikkje kunne seie tre ord ein gong.....
og eg retta meg opp!

Ho vaks opp!
Og oppfostra meg som eit menneske!

Ho lærte på skulen!
Ho lærte meg opp og!

Ho var blitt vaksen dame.
Eg gifta henne bort til ein snill kar som rana hjerta hennar.

Ho var blitt mor til to.
Eg óg var blitt bestefar.

Ho som var født som mi dotter..... og forma meg som eit menneske...

Min siste pust venter på denne mora....

Heile slekta samla for å gje meg dei siste mjølke dråpane
og å seie farvel.

Veit eg ikkje det om sjelen min ventar på kven?.....

Mine augo ser på himmelen og venter på.....

Det er noko rasling att med inngangsdøra.

Det er sikkert mi dotter!

Nokon tar på tommelen min!
Der!  der! det er sikkert at det er ho! Mi dotter!

Ho bøyer seg, ser på meg....

Akkurat som meg....
fødemerke ved venstre auge!....
flate nase!...., mørke hud!....
gråe hår...., slitne augo!......

Ho grev ned hovudet sitt i hendene mine..
og gråter "appa! appa!"

Hennes tårer drypper ned på brystet mitt og
sikkel frå munnviken sig ned på tommelen min...
og den kjente våte følelsen sprer seg i heile kroppen min...

Alle sansane mine blir vekket på eit kort stund
og......alt stilnar etter kvart .........

***************************

Denne leirklumpen .... denne steinen....som glei
gjennom mi mors omsorgsfulle hender, utan å ville blitt forma,....

var blitt til ein ordentleg statue
av hendene til mi dotter !